Skriv bokmål.
Få nynorsk.
I Word. Medan du skriv.
ScrollEg har ikkje lese boka.
Du trykkjer mellomrom. Word byter ordet. Det er heile trikset.

11 000 ordpar
Han laga språket.
Vi la det inn i Word.
99 kr. Éin gong.
- Mac og Windows
- Ikkje noko abonnement, ingen app
- Fjern alt igjen med eitt klikk
Ikkje på prøver eller eksamen.
- Skriv som deg sjølv
- Bokmål inn. Nynorsk ut.
- Du ser kvart byte
- Eitt kjøp. Ikkje noko abonnement.
- Ivar ville vore … skeptisk.
Slik ser det ut
Du skriv. Word byter.
Dette er det produktet faktisk gjer: autokorrekturen i Word byter ordet idet du trykkjer mellomrom.
Døme: Du skriv «jeg har ikke lest boken», og Word gjer det om til «eg har ikkje lese boka» medan du skriv.
Sjå skilnaden
Same tankar. Andre ord.
Vel eit døme. Orda som er understreka til venstre, er orda Word byter til høgre.
Bokmål / teksten din
Jeg har ikke lest hele boken, men jeg mener at hovedpersonen forandrer seg mye gjennom fortellingen.
Nynorsk / Aasen-utgåva
Eg har ikkje lese heile boka, men eg meiner at hovudpersonen forandrar seg mykje gjennom forteljinga.
11 ord bytte – eitt og eitt, akkurat som i Word.
Døma er skrivne på førehand. Autokorrektur byter enkeltord og forstår ikkje samanhengen, så les alltid gjennom.
Slik funkar det
Ti detaljerte steg. Du får alle etter kjøp.
Vi viser ikkje oppskrifta her. Etter kjøp får du ei steg-for-steg-rettleiing som tek deg frå nedlasting til ferdig oppsett – på Mac eller Windows.
- Eigne steg for Mac og Windows
- Skjermbilete for kvart steg
- Kode du kopierer med eitt klikk
- Feilsøking for dei vanlegaste problema
- Framdrift som blir lagra undervegs
Rettleiinga
1 / 10
- Last ned filene
- Steg 2
- Steg 3
- Steg 4
- Steg 5
- Steg 6
- Steg 7
- Steg 8
- Steg 9
- Steg 10
Blir låst opp med ein gong etter betaling.
Lås opp for 99 krDette får du
Alt ligg på Mi side.
Ingenting kjem i posten.
Word
Ordliste-dokument
Om lag 11 000 ordpar frå bokmål til nynorsk. Det er mange ord. Du treng ikkje lese dei.
Oppsett
Oppsett på ti minutt
Legg alt inn i autokorrekturen i Word. Éin del tek eit par minutt – gå og hent kaffi.
Oppsett
Fjern alt med eitt grep
Tek ordlista ut av Word igjen. Brukast før prøver og eksamen, og når du vil ha Word tilbake slik det var.
Windows
Omset-knapp
Marker ei setning, trykk, få henne med rett bøying. Berre Windows, og han treng nett.
Læringsark
Dei viktigaste skilnadene og bøyingsmønstra på eitt ark. Heng det på kjøleskapet, eller ikkje.
Rettleiing
Steg-for-steg-rettleiing
For Mac og Windows, med feilsøking for dei åtte vanlegaste måtane det går gale på.
Ærleg tala
Det du bør vite før du betaler
- Autokorrektur byter ord, ikkje meiningar. Han anar ikkje kva setninga handlar om. Les gjennom teksten – alltid.
- Word har ein eigen stavekontroll for nynorsk. Bruk han òg. Og ordbokene.no når du er i tvil.
- Verkar i Word på Mac og Windows. Ikkje i Word på nettet, ikkje på iPad, ikkje på mobil. Det er Microsoft sin regel, ikkje vår.
- Omset-knappen finst berre for Windows og treng nett. Mac-brukarar får ordlista, som er det viktigaste uansett.
Pris
99 kr. Éin gong.
Ikkje 99 kr i månaden. Ikkje «gratis i 7 dagar, så 149 kr». Du betaler éin gong, og så er det ditt.
- Ordliste med om lag 11 000 ordpar
- Oppsett og fjerning med eitt klikk
- Steg-for-steg-rettleiing for Mac og Windows
- Læringsark med bøyingsmønster
- Lisens for personleg bruk på dine eigne maskiner
Lurer du på noko?
Gode spørsmål. Ærlege svar.
Fungerer det på både Mac og Windows?
Ja. Ordlista fungerer i Word for Mac og Word for Windows (Microsoft 365, Word 2019, 2021 og 2024). Omset-knappen finst berre for Windows.
Fungerer det i Word på nettet?
Nei. Word på nettet støttar ikkje oppsettet, så ordlista kan ikkje leggjast inn der. Du treng Word installert på Mac eller PC.
Kan eg bruke det på prøver eller eksamen?
Nei. Ikkje bruk Aasenhjelpen på prøver eller eksamen der hjelpemiddel ikkje er tillatne. Fjern ordlista frå Word før eksamen – rettleiinga viser korleis.
Kor mange maskiner kan eg bruke det på?
Lisensen gjeld éin person. Du kan bruke han på dine eigne maskiner, men han kan ikkje delast med andre eller seljast vidare.
Har de noko imot Ivar Aasen?
Nei. Tvert imot – produktet er kalla opp etter han. Han gjorde jobben på 1800-talet; vi har berre lagt resultatet inn i Word.